Eldbjørg
Jente
Eldbjørg er eit kvinnenamn som kan vere halvemålsform (Midt-Telemark) av Hallbjørg. Halvemål inneber her at H har falle bort i Hallbjørg. Eldbjørg kan også oppfattast som eit nylaga namn, med Eld- frå til dømes Eldrid og -bjørg frå til dømes Ingebjørg. Namnet har fleire variantar: Elbjørg, Eldbjørg, Ellbjørg. Namnedag er 7. januar.